Å LEVE iVolda

Viktig informasjon om det å bu iVolda

 

Om Volda

Volda er ei fantastisk flott kommune å bu og leve i som ligg i Møre og Romsdal. Kommunen har eit rikt kulturliv og eit mangfaldig næringsliv. Volda kommune er også ein stor offentleg arbeidsplass med både vidaregåane skule, høgskule og sjukehus. Det bur om lag 10.000 innbyggjarar i kommunen, og frå 2020 vil innbyggjartalet auke ytterlegare når Volda og Hornindal kommunar slår seg saman.

Kommunen ligg  ved Voldsfjorden, med kommunesenteret Volda på nordsida, og med Folkestad på sørsida. Dei tre armane som høyrer til Voldsfjorden  er Dalsfjorden, Austefjorden og Kilsfjorden. Dalsfjordingane er dei som bur på Velsvik, Lauvstad, Dravlaus, Innselset, Åmeflot, Steinsvik og Dale. Austefjordningane er dei som høyrer til i Hjartåbygda, Fyrde, Kalvatn og Høydal. Og sist, men ikkje minst, Kilsfjorden med bygdene Bjørneset, Straumshamn, Kile og Bjørkedalen. Om ein tek turen vestover frå Volda sentrum finn ein Morkabygda, og derifrå går vegen vidare til Berkneshalvøya, Lid, og Berkneset. Ein finn og Yksnøya om ein kikar ut over fjorden.

Volda har mange mulegheiter til å by på. Ein av dei meir kjende er Høgskulen i Volda (HiVolda for dei invigde) med over 4.000 studentar som samlar seg her kvart semester. Ellers har Volda eit fantastisk flott og moderne sjukehus med god standard. Bygda er utruleg heldig, og glad, for å ha sjukehuset akkurat der det er.

Mykje høgteknologisk industri kan ein og finne i Volda, så her er noko for ein kvar! Til og med Noregs eldste lokalavis har sin heim her, og bygdebladet Møre har halde koken sidan 1810 og kjem framleis ut! Det at Møre, eller Norsk Landboeblad som det heitte då, kom til slik avisa gjorde, var nok på grunn av Noregs første trykkeri på landsbygda; Aarflots prenteverk (1808). Så Volda har ein lang trykkeritradisjon, og voldingane er stolte av den!

Om du skulle ynskje å reise vekk (noko vi ikkje heilt skjønar) finn ein Ørsta/Volda lufthamn Hovden 6 km nordover frå Volda sentrum, retning Ørsta.

|

Ordet er fritt

Kva synes du er best med å bu iVolda?

Nærheten, fjell, fjord, godt miljø å vekse opp i. Budd i Volda snart 35 år, aldri angra ein dag på det valet.

Per Magne Dahl

Volda

Viktige Telefonnummer

 

  • Brann: 110
  • Politi: 112
  • Ambulanse: 113
  • Volda legesenter: 70 05 89 00
  • Legevaktsentralen: 116 117
  • Veterinærvakta Ørsta og Volda: 70 06 89 64

Stormyra 2
6100 Volda

Nettadresse: www.volda.kommune.no

postmottak@volda.kommune.no

Telefon: +47 70 05 87 00
Faks: +47 70 05 87 01

Åpningstider: 09.00 – 15.30

Org.nr.: 939 760 946
Kommunenr.: 1519