Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Überjam på Jazzcafe

15. februar @ 13:00 - 15:00

Funky instrumentalmusikk frå dei siste tiår har aldri vore så morosamt som når bandet Überjam frå Ulsteinvik spelar dette med begeistring og humor.
Bandet haustar lovord for lett og ledig stemning når perlene frå Mezzoforte, Koinonia, Lee Ritenour Wes Montgomery, Pat Metheny og fleire andre vert servert i lettfatteleg innpakning.
I seriøs kontakt med røtene sine står Überjam som ein påle i minna frå den tida der alt med ”slaphand” bassing ble omtalt som ”West coast” uten at vi ante kvifor. Responsen frå publikum har vore overveldande, og humor rundt låthistorikk i kombinasjon med høg nynnefaktor gjer dette til ein minnerik og uforglemmeleg session.
Bandet tek tak i flott instrumentalmusikk med hovudvekt på 70/ 80 og 90-talet og spelar svulstige gitar- og keyboardriff, trommeovergangar du aldri meir høyrer og bassgrooves som eigentleg har gått ut på dato, men som du garantert nynner med på…
Det heile blir gjerne servert med gode gamle (ca 56 år gamle…) Hammond b3-lydar og god stemning – ofte til eit publikum av kjennarar.
Vi gler oss!
https://www.facebook.com/events/2506153346272792/

Detaljar:

Dato
15. februar
Tid:
13:00 - 15:00
Nettstad:
https://www.facebook.com/events/2506153346272792/

Arrangør

Jazzklubben Volda Ørsta
Epost:
noreply@facebookmail.com