Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Rando Highway 2020

29. februar @ 12:00 - 16:00

Laurdag 29. februar 2020 inviterar stiftinga Melshornets venner til Rando Highway – eit skiløp for alle!
Løpet går frå Volda skisenter til Melshornet (807 m.o.h.). Det er for folk i alle aldrar og er ope for alle som ønskjer å delta. Målet er å skape folkefest, så her er det berre å finne fram skia!
Løpet har fire konkurranseklasser: kvinner junior (0-17 år), kvinner senior (18-99 år), menn junior (0-17 år) og menn senior (18-99 år). I tillegg er det ei mosjonsklasse.
Det vert medaljar til alle på toppen og premiering av beste tid i kvar klasse. Det vert også høve til å vinne flotte uttrekkspremiar for alle som deltek, med ein total verdi på over 20.000 kr.! Det blir også premie til beste kostyme, for dei som ønskjer å kle seg ut!
Påmelding og utdeling av startnummer:
Meld deg på via dette skjemaet: https://forms.gle/5YfiSBAyc2RaZXz87
I tillegg kan du gjerne trykke på deltar på dette arrangementet! Husk at dette er LØPET FOR ALLE, så her er det berre å melde seg på folkefesten!
Deltakaravgift på 100 kr. betalast via Vipps umiddelbart etter påmelding. Søk opp “Melshornets venner” under “Kjøp og betal”. Kvittering må framvisast ved utdeling av startnummer. Dersom løpet ikkje blir gjennomført vil du få tilbakebetalt deltakaravgifta.
Påmeldingsfristen er tysdag 25. februar kl. 23:00. Påmeldingar som kjem inn etter fristen vert fortløpande vurdert av løpskomiteen. Absolutt siste frist er fredag 28. februar kl. 15:00.
Det vert utdeling av startnummer fredag 28. februar frå kl. 17:00 til 19:00. Alle deltakarar må samtidig signere eige deltakarskjema. Har du ikkje anledning denne dagen kan du hente ut startnummer frå sekretariatet på løpsdagen frå kl. 10:00 til 11:00. Vi ber om at flest mogleg hentar ut startnummer fredag på grunn av praktiske årsaker. Stad vert annonsert når det nærmar seg.
Deltakarar i juniorklassene må ha med føresette ved uthenting av startnummer og signering av deltakarskjema.
Melshornets venner minner om at deltaking skjer på eige ansvar.
Praktisk på løpsdagen:
Løpet startar kl. 12:00 og premieutdeling kl. 15:00. Om ein ser at løpet tek lengre tid enn antatt, kan premieutdelinga bli utsatt. Volda skisenter held ope frå kl. 11:00 til 16:00, som normalt.
Utstyrskrav: ski med stålkantar, bindingar, fellar og stavar. Sekk med jakke og bukse i. Hjelm anbefalast for nedkøyringa etter løpet, men er ikkje eit krav. Splitboard er også tillatt.
Løypa går frå Volda skisenter, via “Nedrevegen”, Kleppesætra og til toppen av Melshornet. Lengde 3,1 km og 480 høgdemeter stigning. Det vert satt ut drikkestasjon i Sledalen. Eige løypekart vert publisert.
I Sledalen/baksida vert det laga til eige publikumsområde med musikk, grillar og drikkestasjon. Vi har gratis pølser til alle! Møt gjerne opp her som publikum for å heie deltakarane til toppen!
For spørsmål eller ønske om fleire opplysningar kan du sende oss ei melding her på Facebook!
– – –
English:
“Rando Highway” is a ski race from Volda ski centre to the top of the mountain “Melshornet” in Ørsta and Volda. It takes place on Saturday the 29th of February 2020. The race is open for everybody to join and we welcome your questions about the race here on facebook!
https://www.facebook.com/events/2833268133374177/

Detaljar:

Dato
29. februar
Tid:
12:00 - 16:00
Nettstad:
https://www.facebook.com/events/2833268133374177/

Arrangør

Rando Highway
Epost:
noreply@facebookmail.com

Lokale

Volda Skisenter
Resvegen
Volda, 6100 Norway
+ Google-kart