Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Infomøte om eigedomsskatt (tidl. Hornindal og Bjørke/Viddal)

12. februar @ 19:00 - 20:30

Frå 2020 vert det innført eigedomsskatt i området for den tidlegare Hornindal kommune. I tillegg skal området Bjørke/Viddal over til “nye” Volda kommune si taksering.
I det høvet inviterer Volda kommune til informasjonsmøte om innføring av eigedomsskatt i desse områda.
Hausten 2019 vart eigedomar i tidlegare Hornindal kommune og Bjørke/Viddal taksert av takseringsfirmaet Injector AS. Representantar frå dette firmaet vil også kome på dette informasjonsmøtet.
Dersom du har spørsmål om eigedomsskatt eller ynskjer å ta opp ting med oss rundt dette temaet er du hjarteleg velkomen!
Møtet er ope for alle innbyggjarar i kommunen, men det er i hovudsak innbyggjarar i dei to nemnde områda som er primærmålgruppa.
Velkomen!
Tid: onsdag 12. februar, kl 19.00
Stad: Honndalshallen, Grodås
https://www.facebook.com/events/517694612459200/

Detaljar:

Dato
12. februar
Tid:
19:00 - 20:30
Nettstad:
https://www.facebook.com/events/517694612459200/

Arrangør

Volda kommune
Epost:
noreply@facebookmail.com