Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Holum Trio

7. februar @ 20:00 - 23:00

Holum Trio spelar ærleg og utadvendt improvisasjonsmusikk forankra i sterke komposisjonar.
Sidan starten i 2011 har trioen spelt over 70 konsertar i inn og utland og held stadig eit høgt aktivitetsnivå. Bandet utforskar krysninga mellom improvisasjonsmusikk og meloditeften i moderne pop.
Dette resulterer i musikk som er utadvendt og tilgjengelig, framsynt og open. Med ei særeigen instrumentsamansetning der musikarane gjev rom for melodiske og dynamiske klangflater og vågar å la ein enkel melodi skape spenning, skapar trioen ny norsk og særeigen jazzmusikk.

1.februar 2019 slapp dei si andre plate, «Borte», på AMP Records. Då debutplata «Heim» var inspirert av røter og Sunnmøres dynamiske natur, ser andreplata meir ut over landegrensene og er ei slags oppsummering av bandets musikalske reise så langt. Ein miks av afrikanske rytmer, arabisk tonalitet og nordiske klangflater med ein fot trygt planta i bandets røter. «The vocals under the brass line on the opening Strandpark seem to come out of a forgotten 50s film soundtrack… I enjoy this record very much indeed and have played it on repeat over several evenings.» Brian Morton, Jazz Journal UK​«Jeg er vild med den måde de også bruger deres vokaler på – en ekstra instrumental farve i deres store musikalske palet … i sin helhed en smuk, eksperimenterende rejse i musikalske lag og farver.» – Helle Marstrand, Jazz Special DK​«Et band av sin tid, som har skapt en flott, småfrika og forsiktig søkende trioskive som glir rett inn på reservatet blant moskuser, kongler og assorterte krypdyr.» –

Filip Roschauw, Jazznytt
​Vegard Holum – trompet
Stian Andreas Andersen – kontrabass
Øystein Aarnes Vik – trommer

https://www.facebook.com/events/992453201123580/

Detaljar:

Dato
7. februar
Tid:
20:00 - 23:00
Kategori:
Nettstad:
https://www.facebook.com/events/992453201123580/

Arrangør

Jazzklubben Volda Ørsta
Epost:
noreply@facebookmail.com