Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

12-konsert Folkestad Tonika musikkorps

1. februar @ 12:00 - 12:45

Folkestad/Tonika Musikkorps er eit generasjonskorps med 30 medlemer med eit aldersspenn frå 11 til 70 år.Sjølve korpset fyller i år 50 år! Vi er eit jantisjarkorps med både treblås og messingblås og i tillegg har vi med flinke trommisar. Vi legg vekt på trivsel og godt humør på øvingane og likar å spele variert musikk i ulike stilartar. Medlemene kjem frå fire bygdelag; Folkestad, Straumshamn, Bjørkedalen, Dalsbygd og Steinsvik/Åmelfot. Bygdene er flinke til å støtte korpset både gjennom støttemedlemskap og på basarar og andre innsamlingar. Det er viktig for bygdene å få besøk av korpset på faste arrangement som julegrantenning 1.advent og marsjering 17.mai. Korpset deltek også på julekonsertar i Dalsfjord og/eller Volda kyrkje. Korpsbasar haust og vår har vore faste arrangement på Folkestad, gjerne kombinert med ei laurdagsøving. Vi har også vore med på 12-konsert og det er kjekt å få vise seg fram også for sentrumspublikumet. Som avslutning på korpsåret deltek vi på korpsstemne eller vi arrangerer ein tur for alle musikantane og føresette til dei yngste. Vi har vore på turar og stemne både i inn- og utland, som t.d. Bø i Telemark (Badeland), Gøteborg, Trondheim, Bergen, Nordfjordeid, Scarbourough (Storbritannia), Stryn og Legoland (Danmark). Vi er ein samansveisa gjeng som gjerne tek imot nye medlemer, både barn og vaksne. Så difor vil eg tilslutt minne om det som er viktig og bra med å spele i korps: «I eit korps er det folk på tvers av kjønn og alder. I eit korps får ein vekse med oppgåvene, du arvar ansvar, får styreverv og lærer organisering. Alle får vere med, og vi presterer i lag. Det er ein god skule.» Dette er god argumentasjon for å spele i korps, og undersøkingar og forskning viser at musikk og kultur også er helsebringande
Korpshelsing frå Inger-Anne Kvamme, dirigent Folkestad/Tonika Musikkorps
INNGANGSPENGAR MINIMUM KR 50,- BORN GRATIS
https://www.facebook.com/events/470818880259045/

Detaljar:

Dato
1. februar
Tid:
12:00 - 12:45
Nettstad:
https://www.facebook.com/events/470818880259045/

Arrangør

12-Konsert
Epost:
noreply@facebookmail.com

Lokale

Volda kyrkje
Kyrkjegata 6
Volda, 6100 Norway
+ Google-kart